Til odel og eige?
Slektskap, jord og arv på gardsbruk i ei vestnorsk bygd
Gunnlaug Daugstad
Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen
Hovudfagsavhandling
|
To download, print, or bookmark,
click: http://www.anthrobase.com/Txt/D/Daugstad_G_01.htm. |
Avhandlinga er utført med støtte frå forskingsprosjektet Kinship -quo vadis? Meanings of kinship in Norway and beyond. Takk til dei ansvarlege bak prosjektet, Marit Melhus, Signe Howell og Olaf H Smedal for at eg fekk vere knytt til prosjektet.
Takk til alle innbyggjarane i 'Vintervik'. Utan deira tolmod og interesse for kva eg held på med, hadde ikkje prosjektet latt seg gjennomføre. Særleg takk til dei som tok seg tid til intervju og samtalar. Eg vil også takke dei ansvarlege for biletsamlinga ved 'Vintervik museum' for tilgang til biletmateriale.
Takk til min faglege veiledar Olaf H Smedal for fagleg inspirasjon, konstruktiv kritikk og grundige tilbakemeldingar frå dei første utkasta til det ferdige produktet.
Takk til mine medstudentar Jannicke Hjelmervik, Benedicte Lie og Tom Irgan i kollokviegruppa verdifulle innspell i skrivefasen.
Takk til Sissel Kvernes og Åsne Halskau for gode råd og støtte under sluttføringa av avhandlinga.
Og ikkje minst takk til Karam, Mamma, Pappa, Marit, Torill, Kristin, svograr, nevøar, nieser, tanter, onklar og resten av 'slekta' som på ulikt vis har gitt meg viktig inspirasjon under arbeidet med denne avhandlinga.
Bergen 19. november 1999
Gunnlaug Daugstad
Det mest sentrale spørsmålet i denne hovudfagsavhandlinga er korleis ein forheld seg til slektskap, jord og arv i eit lokalsamfunn på nordvestlandet. Den bygda eg har mest materiale frå, er ei bygd eg har kalla Vintervik. Slektskap har vore eit av dei mest sentrale tema i sosialantropologi, og er rekna for å vere eit felt som gir innblikk i sentrale verdiar i eit samfunn. Slektskap kan forstås som ei kulturell form, ein kontekst eller eit rammeverk for å tenke, ytre og handle. Slektskapsrelasjonar er sett på som viktige for menneske sitt livsopphald, vern, tilknyting, alliansar, status og identitet. I antropologiske studie av jordbruksbaserte samfunn har ein ofte prøvd å kople spørsmål om reproduksjon av hushaldsgrupper med arvestrategiar (Segalen 1997:3). Fleire klassiske studie viser at ei sosial organisering og dei sosiale distinksjonane som er viktig for slektskap som sosialt system, heng nøye saman med distribusjon og rettigheiter i jord.(1) I eit moderne samfunn er ikkje slektningar nødvendigvis lenger knytt til samme lokalitet, og i ei vestleg kontekst styrer det offentlege slektskap gjennom lovgjeving. Lovverket eksisterer likevel ikkje utan ein normativ basis i folkelege forestillingar om slektskap. I tidlegare studie av lokalsamfunn i Noreg har ein gjerne vore opptatt av tema som nettverk, hushald, kjønn og sosial endring. Det er ikkje utført grunnleggjande studie av slektskap i Noreg (jamfør Howell, Melhuus og Smedal 1996). Eg vil innleiingsvis skissere problemfeltet og det analytiske og metodiske rammeverket for avhandlinga.
Fram til byrjinga på 1900-talet var nærare 90 % av innbyggjarane i Norden knytt til jordbruk og fiske som primære økonomiske aktivitetar (Vike 1994:524). Dei to (viktigaste) primærnæringane i Noreg i dag er stadig jordbruk og fiske, men berre 2,5 % av landområda i Noreg er dyrka mark (ibid.). Jordbruk i Noreg er ei form for tilpassing ein kan kalle dyrkingsøkonomi. Dette er ei driftsform som krev gjødsling og vidare arbeid med jorda for å få eit økonomisk utkomme (Aschehoug og Gyldendal 1988). Fiske er på den andre sida ei tilpassing ein kan kalle haustingsøkonomi, det vil seie at ein samlar inn naturen sine produkt og ikkje sett inn tiltak for å ta var på eller forbetre produksjonsevne eller det produktive miljøet (ibid.). Den nye vekstnæringa i primærnæringane har i dei seinare åra vore aquakultur, som krev tilrettelegging i langt større grad enn tradisjonelt fiske. I Noreg er i dag jordbruk og fiske under to ulike departement: Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet.
Ved ein dyrkingsøkonomi vil eigedom og eigedomsforhold vere svært viktig. Med eigedom meiner eg "estate", gods eller juridisk arvemasse. Tilgangen på landbruksressursar vert i Noreg styrt av reglar for distribusjon innan familien. Den norske odelsretten uttrykker ein juridisk slektsdominans i forhold til landbruksressursar, og prioriterer slektningar framfor andre kjøparar. Reglar og praksis knytt til arv kan såleis vere eit inntak til å studere relasjonen mellom slektskap og jord. Ottar Brox (1964) drøftar i sin artikkel om eigedomsrett og tilgang til naturressursar har noko å seie når det gjeld ekteskaps- og arvestrategiar. I si studie av to bygder i Nord-Noreg i perioden 1890-1940 kjem han fram til at ein har hatt ei strategisk tilnærming til både arv og slektskap. I dette området har ein utvikla eigen praksis på grunnlag av ei interesse for å halde på fiskerettigheitene knytt til eigedomsretten. Den britiske antropologen Jack Goody (1976b) hevdar likeins at arvesystemet, i den grad det er knytt til eigedom og eigedomsrett, også er med på å strukturere mellommenneskelege relasjonar. Når eigedom vert overført mellom generasjonar, vert eigedomsforhold reprodusert over tid (ibid:1). Eigarar av gardsbruk si oppfatning av kontinuitet vil både kaste lys over menneske sine tankar og haldningar til relasjonen mellom jord og slektskap, og over forholdet til dei politiske og økonomiske mekanismane. Haldningar og praksis knytt til reproduksjon av eigedomsrett har viktige konsekvensar for landbruksstrukturen, økonomien og busettinga i distrikta. Eigedomsrett og rekruttering til landbruksnæringa er stadig oppe til diskusjon både på den politiske og den private arena, og det juridiske rammeverket er med på å regulere forestillingar om "slekta" sine rettigheiter.
I denne avhandlinga vil eg drøfte kvifor eigarar av gardsbruk i Noreg er opptatt av å halde eigedommen "i slekta". Kva ligg det i å halde eit gardsbruk "i slekta"? Korleis sikrar ein kontinuitet? Er det odelsretten som ligg til grunn for den menneskelege erstatninga? Er det alternative strategiar, og i så fall kva slags alternativ? Kva føringar ligg bak ei avgjersle om å overta eit gardsbruk? Kva verdiar er det snakk om å transformere mellom generasjonar? Har jordeigedommen ein reint økonomisk verdi, eller er det også "noko meir" som skal takast var på? I så fall vil dette innebere at ein har ein situasjon der politiske og økonomiske interesser ikkje har redusert verdien av "blodsband".
Som analytisk rammeverk for det følgjande vil eg sjå på det norske gardsbruket som ein variant av det som vert kalla for "hus-baserte samfunn". Ved å bruke den franske antropologen Claude Lévi-Strauss sin teori om Huset kan eg drøfte ulike sider ved tilknyting til eit gardsbruk. I sitt tidlegare arbeid var Lévi-Strauss særleg opptatt av elementære og komplekse strukturar (jamfør Lévi-Strauss 1969). Samfunn med elementære strukturar er karakterisert av positive og negative ekteskapsreglar som spesifiserer den kategorien slektningar som ektefellen kan bli vald frå (men også her er det ein viss valfridom). Dette vil danne eit nettverk gjennom byte av ektefellar og slik skape ein form for solidaritet. I følgje Lévi-Strauss vil samfunn utvikle komplekse strukturar utifrå elementære strukturar. Samfunn med komplekse strukturar manglar positive ekteskapsreglar og er karakterisert av negative ekteskapsreglar (mellom anna incesttabuet, som for så vidt gjeld både samfunn med elementær og kompleks struktur). Valet av ektefelle blir avgjort utifrå faktorar utanom slektskap, og er avhengig av rikdom, makt, klasse og personlege attributtar. I slike samfunn har politiske og økonomiske institusjonar i stort monn erstatta slektskap som ein institusjon for val av ektefelle (Carsten & Hugh-Jones 1995:9). Hus-baserte samfunn representerer eit stadium mellom elementære og komplekse strukturar (ibid:10). Her vil politiske og økonomiske interesser ha stor innverknad, men vil enno ikkje ha redusert verdien av blodsband (Lévi-Strauss 1983:186).
In various parts of the world we are familiar with societies made up of units which cannot be defined either as families or as clans or lineages. […] in order to understand them, it was necessary to introduce into anthropological terminology the notion of the "house" (in the sense in which one speaks of a "noble house"), and therefore that a type of social structure hitherto associated with complex societies is also to be found in non-literate societies (Lévi-Strauss 1987:151).
I sin diskusjon om den sosiale og symbolske rolla Huset har, var Lévi-Strauss særleg opptatt av å finne eit felles strukturerande prinsipp i kognatiske samfunn (Howell 1995:149). Teorien om Huset blir i stor grad etablert gjennom ei nyanalyse av den sosiale organiseringa hos den nordamerikanske indianarstamma Kwakiutl (Lévi-Strauss 1983 og 1987). Tidlegare hadde ikkje antropologar klart å avgjere om Kwakiutl hadde ei matrilineær, patrilineær eller bilateral organisering:
At the time they were originally studied, towards the end of the nineteenth century, it was at first believed that they were in the process of evolving from a matrilineal to a patrilineal system. Then, on the basis of further information, the converse hypothesis was adopted. Today most anthropologists suppose the Kwakiutl to have a non-differentiated system of descent, which is just as unsatisfactory because certain features of their social organisation are obviously patrilineal, whereas others have a matrilineal tinge, but without these principles having such clearly demarcated fields of application as would allow us to classify the Kwakiutl among societies with bilateral descent (Lévi-Strauss 1987:151).
Lévi-Strauss løyser dette teoretiske dilemmaet (for Kwakiutl-indianarane var det ikkje noko dilemma) ved sjå på historia og samanliknar numayma-institusjonen hos Kwakiutl mellom anna med adelshusa i det føydale Europa,(2) og introduserer Huset som analytisk reiskap. Lévi-Strauss skriv:
On all levels of social life, from the family to the state, the house is therefore an institutional creation that permits compounding forces which, everywhere else, seem only destined to mutual exclusion because of their contradictionary bends. Patrilineal descent and matrilineal descent, filiation and residence, hypergamy and hypogamy, close marriage and distant marriage, heredity and election: all these notions, which usually allow anthropologists to distinguish the various known types of society, are reunited in the house, as if, in the last analysis, the spirit (in the eighteenth-century sense) of this institution expressed an effort to transcend, in the spheres of collective life, theoretically incompatible principles (Lévi-Strauss 1983:184).
Numayma-institusjonen kunne tilsynelatande verke som eit døme på ein patrilineær regel for avstamming. Ein kan likevel sjå at når regelen ikkje kunne nyttast, til dømes om det ikkje var nokon son til å overta, så kunne ein ta i bruk kva som helst slags anna prinsipp for avstamming. Ein kan mellom anna finne at titlar og våpenskjold blir overført både til barnebarn via døtrer, og til ein svigerson. Det viktigaste er ikkje å følgje visse arveprinsipp, men å sikre kontinuiteten i Huset som ei eining. I tillegg vert det nytta tilsynelatande motstridande ekteskapsreglar som eksogami og endogami, alt etter om ein har interesse av å akkumulere eller halde på rikdom. Slike samfunn er også karakterisert av det Lévi-Strauss kallar "fiktivt slektskap" både i form av alliansar og adopsjon (Lévi-Strauss 1987:152).
Eit anna trekk som karakteriserer hus-baserte samfunn, er dei materielle og immaterielle verdiane:
We are, therefore, in the presence of one of the same institution: a corporate body holding an estate made up by both material and immaterial wealth, which perpetuates itself through the transmission of its name, its goods, and its titles down a real or imaginary line, considered legitimate as long as this continuity can express itself in a language of kinship or of affinity and, most often, both (Lévi-Strauss 1983:174).
Rikdommen i Huset inkluderer i tillegg til dei openberre materielle verdiane, også immaterielle verdiar som namn, titlar, ære og arvegods med eit "mytisk" opphav. I kraft av dette har Huset gjerne eit eige namn og ein "biografi". Eit sentralt poeng er at verdiane ikkje er knytt til personane men til Huset. I eit slikt perspektiv vert Huset noko meir enn ei bygning, opphaldsstad eller gruppe menneske. Den nederlandske antropologen Henk de Haan skriv at Huset refererer til ei form for sosial organisering, symbolisert og tingleggjort gjennom ei materiell og romleg eining (1994:9). Slik personifiserer Huset bandet mellom tidlegare og framtidige generasjonar, og gir familien identitet i tid og rom. Det er på den eine sida ein "død" ting, og på den andre sida er det eit rom for å vere sosial, forme identitet og ei kjensle av "å høyre til".
Fleire antropologar nyttar Huset som analytisk perspektiv på materiale frå ulike delar av verda, mellom anna de Haan (1994), Waterson (1990), Bestard-Camps (1991), Smedal (1994), bidragsytarane i Carsten & Hugh-Jones (1995) og Pina-Cabral (1997). Både den portugisiske antropologen Jõao de Pina-Cabral og de Haan bringer Huset som analytisk omgrep "tilbake" til Europa. Medan Pina-Cabral legg vekt på at urbane, portugisiske familiar også har Hus som ei form for "anker" (1997:79), nyttar de Haan teorien på materiale frå gardsbruk i Nederland. De Haan refererer mellom anna til dei skandinaviske landa som det han kallar dei "klassiske jordbruksområda i Europa", som kan bli karakterisert som hus-baserte samfunn (1994:9). De Haan skriv ikkje noko om særskilt om Noreg, og differensierer heller ikkje mellom dei skandinaviske variantane. Likevel kan trekka som han etter Lévi-Strauss skisserer som karakteristiske ved hus-baserte samfunn, utan tvil vere eit nyttig analytisk perspektiv til å forstå "det norske gardsbruket".
Her der det nødvendig å presisere at eg i avhandlinga vil skilje mellom dei juridiske nemningane gard og bruk. Garden er danna av fleire einingar for busetting. Bruk er dei enkelte einingane under garden, det vil seie alle registrerte jordstykke eller tomter. Eg vil nytte nemninga bruk og gardsbruk om kvarandre.(3) Termen gardsbruk nyttar eg på bruka som er rekna som landbrukseigedommar og som det kviler odel på, uavhengig av om dei er i drift som sjølvstendige einingar. Kva som gjer eit gardsbruk til eit slektsbruk vil eg drøfte seinare.
Eg vil i det følgjande sjå på gardsbruket som ein grunnleggjande basis og metafor for ei form for sosial organisering. Eg vil (som også Carsten & Hugh-Jones) argumentere for at Huset og gardsbruket er ei dynamisk eining. Gardsbruket er ei eining av jord, driftsbygningar og bustadhus, og utan tvil ei materiell eining (estate). Gardsbruket si kjelde til vitalitet og dynamikk kjem både frå menneska som bur på bruket, dei som kjenner seg knytt til bruket, gjennom transformeringa av immaterielle og materielle verdiar mellom generasjonar, ritual og feiringar og som eit potensielt livsgrunnlag eller yrke for menneska. I avhandlinga nyttar eg nemningane gardsbruk, bruk og Hus når eg skriv om den samme eininga.
Før eg går vidare er det viktig å få fram den metodiske framgangsmåten. Feltarbeidet som metode blei i stor grad etablert av den polsk-britiske antropologen Bronislaw Malinowski. Malinowski blir gjerne omtala som "feltarbeidet sin far", fordi han var den første antropologen som i lengre tid oppheldt seg i det samfunnet han skulle skildre (Nielsen 1996:35). "Deltakande observasjon" blei for Malinowski det grunnleggjande i feltarbeidet. Han var mest opptatt av menneske si verkeleggjering av kulturen her og no observert i ulike handlingar (ibid). Det antropologiske feltarbeidet vert automatisk annleis ved studium av såkalla "moderne" kultur. På 1950-talet gjorde den britiske antropologen John Barnes (1954) ei kartlegging av det sosiale mangfaldet i Bremnes på Bømlo i Vest-Noreg. Barnes la mellom anna vekt på at ein i studie av vestlege samfunn blir stilt overfor eit kompleksitetsproblem som gjer at forståinga av eit "heile" ikkje lenger er mogleg (Vike 1994:523), om det nokon gong har vore det.
Materialet har eg i hovudsak fått tak i gjennom eit 7 månaders feltarbeid i Vintervik i perioden januar til august 1998. Min framgangsmåte for innsamling av data var i hovudsak intervju og samtalar med innbyggjarar i Vintervik (men også nokre frå andre bygder). Mine informantar(4) er i hovudsak tidlegare og dagens eigarar av gardsbruk, og nokre få som nettopp har avgjort om dei skal ta over gardsbruket eller ikkje. Eg har, medviten eller umedviten, nytta tidlegare erfaringar og opplevingar frå oppveksten min i eit bygdesamfunn som ei referanseramme både i feltarbeidsfasen og i skrivefasen. Sjølve feltarbeidet mitt byrja eg med ei presentasjonsrunde der eg gjekk frå hus til hus. Eg fekk såleis avtalar om seinare feltsamtalar. Ved dei ustrukturerte feltsamtalane avtala eg i dei fleste tilfella tid og stad først. Andre hadde sagt: "...du må berre må stikke innom når du fér forbi…". Ved nokre feltsamtaler var fleire personar til stades. I dei fleste tilfella var samtalen både med mannen og kona på eit gardsbruk, ofte gjekk barn eller barnebarn til og frå og av og til kom andre slektningar og naboar innom. Eg hadde førebudd ein del tema for samtalane, for å vere innom nokolunde dei samme spørsmåla. Eg nytta i stor grad bandopptakar under feltsamtalane. I nokre tilfelle spurde eg om å få skrive ned når dei sa noko "viktig som eg måtte hugse", og i andre tilfelle noterte eg ned i etterkant det eg hugsa frå samtalar og hendingar.
Eit trekk som gjekk igjen i dei fleste samtalar var at mine informantar var opptatt av å samanlikne sin eigen situasjon med ulike representasjonar av "før i tida". I den typen tilnærming som feltarbeidet utgjer, vil informantar gjerne presentere notida i forhold til ulike periodar, epokar og historier om fortida. Det vil seie at notida blir presentert gjennom å kontrastere den til andre periodar (Hastrup 1990b:16). Dagens situasjon vil bli sett i forhold til fortida, slik som mine informantar og eg sjølv erfarer det. Omgrep som "før i tida", "når I va ungen" og "opprinneleg" refererer til ulike tidsepokar, som ikkje nødvendigvis blir klargjort av mine informantar. Informantar kan samstundes snakke om ting dei har opplevd i sin eigen barndom, noko som besteforeldra deira har fortalt dei, og dei kan referere til ulike lokalhistoriske kjelder og meir "mytiske" forteljingar.
I tillegg til samtalar og intervju har eg også nytta skriftlege kjelder: lokalhistorisk litteratur(5): mellom anna bygdebøker og "Gard og Slekt i Vintervik"; avisartiklar: både frå lokalaviser, Bondebladet, Nationen og andre landsdekkjande aviser; utskrift frå matrikkelen (oversikt over dei ulike gardane med bruk og skyld); lovteksten til Odelslova; offentlege notat: frå Norges Bondelag, Norges bonde- og småbrukarlag og Landbruksdepartementet. Under feltarbeidet las eg også antropologisk litteratur som eg har hatt stor nytte av både i feltarbeidsprosessen og i skriveprosessen. Desse var Marilyn Strathern si "Kinship at the core" (1981), Kari Siverts si hovudfagsavhandling "Vedlikehold og kontinuitet. En diskusjon av rekruttering til gårdsbruk på Osterøy" (1979) og Mary Bente Bringslid si doktorgradsavhandling "Bygda og det framande" (1996).
I dei seinare åra har ein særleg blitt opptatt av å drøfte refleksivitet i feltarbeidet. Finn Sivert Nielsen seier at omgrepet ofte blir assosiert med postmodernismen, og refererer til den konstante integrasjon som vil råde i all sosial samhandling, og særleg i forhold til feltarbeidar og informant. I debatten om den metodiske tilnærminga, har det med stor styrke blitt hevda at feltarbeidaren si posisjonering i felten har viktige konsekvensar for dei data han eller ho får (Nielsen 1996:262). Dette kom ikkje minst til syne då Malinowski si personlege dagbok frå felten, "A diary in the strict sense of the term", blei publisert i 1967. I dagboka kom det fram at han hadde ei rekke personlege frustrasjonar og tankar om informantane under feltarbeidet. Eit anna døme er Elanore Smith Bowen (Laura Bohannan) si bok "Return to laughter" som blei publisert i 1954. Årsaka til at boka blei publisert under pseudonym, var at hennar subjektive framstilling ikkje skulle øydeleggje hennar vidare akademiske karriere. Begge desse framstillingane får fram at antropologen, som er forskningsinstrumentet, ikkje er eit objektivt "måleinstrument". Medan refleksivitet og posisjonering tidlegare var eit ikkjetema i det tidlege vitskapelege idealet, er det i dag sett på som eit vitskapeleg krav.
I motsetning til Malinowski og svært mange av antropologane etter han, gjorde eg feltarbeid på ein stad der menneske har skikkar og språk som ikkje var ukjend for meg. Eg reiste for det første tilbake til ei bygd ikkje langt frå mi eiga heimbygd, men til skilnad frå andre besøk i området skulle eg no vere "antropolog i felten". I tillegg er eg sjølv oppvaksen på eit gardsbruk med odel, og det er ingen tvil om at det er min eigen bakgrunn som bygdejente med oppvekst på eit gardsbruk som i utgangspunktet har motivert meg til å skrive denne avhandlinga. Eg kjenner ein del av "problematikken" for oppgåva frå min eigen oppvekst på eit gardsbruk som i dag ikkje er i drift, der det er usikkert kven som skal overta. "Dei andre" er i høgste grad personar eg deler førestellingsverd med. Samstundes står eg i fare for å oversjå viktige data og informasjon fordi samhandling, språk og problematikk er så kjent for meg. Eg deler førestellingsverd med mine informantar, sjølv om kva denne "felles førestellingsverda" inneber er vanskeleg å spesifisere. Mange av mine eigne og mine informantar sine grunnleggjande verdiar og kulturelle kategoriar er i stor grad umedvitne og blir ikkje uttalte (Wadel 1991:18). Arsenalet av den kunnskapen som er felles er meir omfattande ved feltarbeid i eigen kultur enn ved feltarbeid i framand kultur (ibid:19). Dei daglege rutinene, som å slå av ein "passe forpliktande" prat på butikken, er allereie ein del av min sosiale kapasitet når eg kjem i felten. Mitt prosjekt er meir å gjere det kjende eksotisk og framandt, og gå bak mine eigne fordommar og forestillingar om korleis det er å vekse opp og bu i eit bygdesamfunn og på eit gardsbruk. Ei hjelp til å stille spørsmål ved det empiriske materialet, er gjennom det analytiske perspektivet.
Slik eg ser det, gjennom mine erfaringar frå feltarbeidet, hadde eg ein klar fordel av å vere ein "lokal" person som informantane kunne forhalde seg til gjennom tidlegare kjennskap og forestillingar om "korleis eg skulle vere", fordi eg var "i slekt" med visse personar. Eg hadde under mi presentasjonsrunde ingen problem med å komme inn over dørstokken til innbyggjarane i Vintervik, og eg fikk høyre at eg måtte: "…berre komme att om det er noko I kan hjelpe deg med…". Eg vil hevde at ein av årsakene til dette nettopp var at eg automatisk blei plassert i det sosiale rommet. Eg blei knytt til ei bygd i kommuna som alle kjente godt til, og eg blei plassert sosialt i forhold til mine foreldre, slektningar og folk eg kjende.(6) Det blei også forventa at eg, som ein innbyggjar frå ei nærliggjande bygd, hadde ein viss kjennskap til Vintervik og kven som budde der, og ikkje minst kven eg var "i slekt med" der og i nærliggjande bygder. I løpet av eit intervju eller ein samtale kunne vi gjerne ende opp med å nøste opp korleis eg og informanten var "i slekt": "Me er no vel i slekt alle her inne i Vintervika… Det er no så rart med det, når både mor di og far din var her ifrå, og alle fire besteforeldra på begge sien, då blir det noko slekt", "Ja, me er no vel ratt i slekt me også." (Sigurd, 73 år). Eg vil hevde at mine eigne slektsrelasjonar blei eit inntak til å få i gang ein samtale, for dei fleste ønskte å vite kven eg var "dotter til". Eg trur at den positive opplevinga eg hadde, delvis var på grunn av at eg ikkje blei klassifisert som ein "framand", og at eg hadde ei felles "førestellingsverd" med mine informantar. Eg representerte ikkje det ukjende, som i eit bygdesamfunn gjerne er omreisande seljarar, utsende frå Jehovas vitne, innflyttarar og utlendingar. Eg kunne "forstå" kva "dei andre" snakka om, fordi eg hadde ein liknande bakgrunn. Med å vere ein "lokal person" snakka eg også språket (dialekta) godt, og kunne forstå dialogen og "det usagte" språket.
Mine erfaringar og opplevingar frå oppveksten min i eit bygdesamfunn gjer at eg kan bli definert som ein "innfødt antropolog". Dette rører ved ein stor metodologisk debatt i antropologien: kan ein gjere eit antropologisk feltarbeid i eigen kultur? I kva grad, og i kva tyding, er ein antropolog "heime"? Den danske antropologen Kirsten Hastrup går så langt at ho hevdar det er umogleg å gjere antropologisk feltarbeid i "eigen" kultur (1991:10). Samstundes seier ho at studie av "dei andre" ikkje nødvendigvis har noko med geografisk avstand å gjere, men med tankekategoriar eller "space" (ibid). Om ein forfektar ei slik haldning vil det seie at dei ekte antropologane ikkje kan vere innfødde i det samfunnet dei studerer, i alle fall ikkje utan å ha etablert ei "profesjonell distanse" til "dei andre" som ein studerer. Antropologen må, i følgje Hastrup, arbeide utifrå ei prinsipiell ikkje-viten om det sosiale rommet ein studerer, fordi den kreative antropologiske erfaring nettopp ligg i mangelen på samsvar mellom "vår" verkelegheit og "dei andre" si verkelegheit. Ei slik haldning vil ha alvorlege konsekvensar for mitt antropologiske prosjekt. Slik kan ein seie at i den grad ein norsk antropolog skal kunne gjere feltarbeid i Noreg må det vere på "eksotiske" minoritetsgrupper som samar og innvandrarar. Den norske antropologen Erling Krogh (1996) argumenterer i ein artikkel for at menneske i det moderne samfunn vil utvikle fleirlokal tilknyting mellom anna fordi ein har omfattande sosiale nettverk gjennom til dømes arbeid, utdanning og feriereiser (ibid:256). Slik vil den "innfødde" antropologen (og meg som "innfødt" antropolog) ikkje vere ein rein og eintydig kategori. Krogh hevdar at det ved antropologiske studie i "eigen kultur" vil vere fruktbart å fokusere på forholdet mellom produksjonsmåte og livsform (basis og overbygning), og slik tvinge antropologen til å reflektere over korleis folk si verkelegheitsoppfatting og handlingar blir påverka av at dei lever i eit kapitalistisk samfunn (ibid:259). Krogh gjer nytte av den danske antropologen Thomas Højrup si strukturelle livsformanalyse som synleggjer klasseforskjellar i det danske samfunnet (ibid:257). Eit slikt perspektiv, seier Krogh, vil også presse antropologen til å reflektere over sin posisjon i samfunnet og i feltsituasjonen (ibid:259). Krogh seier at som Højrup er også den franske antropologen og sosiologen Pierre Bourdieu opptatt av korleis samfunnsstrukturar påverkar og gjenspeglar seg i menneskelege handlingsmønster. Det vil seie at strukturen i det moderne vestlege samfunn gir opphav til kulturelle forskjellar. Sjølv om eg gjer feltarbeid ein stad der eg kan definerast som heime, er mine informantar representantar for personar i livssituasjonar med andre forståingshorisontar enn min eigen (mellom anna med omsyn til alder, kjønn, utdanning, yrke, interesser og liknande). For meg er dette ein måte å distansere meg frå felten på, og inneber at eg ikkje nødvendigvis er meir "heime" enn antropologar som gjer feltarbeid i "framand kultur".
Også den britiske antropologen Marilyn Strathern (1987) diskuterer i kva grad antropologar er heime eller ikkje. Vanlege antakingar om antropologar som gjer feltarbeid heime, seier ho, er at antropologen vil få ei betre forståing av samfunnet dei studerer, og at dei fortel noko som ein allereie veit frå før (ibid:17). Strathern tar omvegen om det skrivne ord: den antropologiske teksten (auto-anthropology). Det avgjerande er om antropologen er ein skribent (writer) eller forfattar (author). Ein skribent vil vere fråverande i teksten og hans eller hannar mål er primært å formidle, og dei teoriar/metodar han eller ho brukar kan bli diskutert blant kollegaer. Ein forfattar vil framstille dei studerte (aktørane) sine modellar gjennom analytiske modellar, og aktørane kan sjølv protestere på framstillinga. Det vil seie at i kva grad ein antropolog er "heime" eller ikkje, ikkje er ein diskusjon om "malaysiske antropologar i Malaysia" eller "reisande som studerer reisande". Strathern hevdar at i den grad ein antropolog er heime, er dette i relasjon til forholdet mellom organisering av kunnskap og korleis folk (dei andre) organiserer kunnskap om seg sjølv (ibid:31). Eg oppfattar meg sjølv som å vere forfattar i den forstand at eg framstiller "dei andre" si verkelegheit gjennom analytiske modellar. Dette gjer også at informantane kan vere ueinige i framstillinga eg gjer av deira verkelegheit.
Som alle andre antropologar er eg utan tvil posisjonert. Eg gjer feltarbeid i eit samfunn der eg allereie er ein aktør i det sosiale landskapet og kan knytast til andre personar gjennom slektskap og vennskap. Dette kan ha implikasjonar i forhold til mine informantar sine fordommar (positive og negative) i forhold til meg, og mine fordommar i forhold til informantar. På den andre sida er det her snakk om ein gradsforskjell samanlikna med å gjere feltarbeid i ein "framand" kultur. Etter kvart vil uansett antropologen også her få venner (forhåpentlegvis), utvikle fordommar og forestillingar om korleis ulike personar "er", og opparbeide seg sosiale relasjonar på grunnlag av "kjemi" og personlege preferansar. Skilnaden vil vere at eg kan ha føringar innan eg drar på feltarbeidet. Samstundes er relasjonen til felten mi forutsetning for feltarbeidet. For meg er det viktig å forstå kva som karakteriserer relasjonen og korleis mi posisjonering påverkar mine data. Dette var eg merksam på under feltarbeidet, og det får vere opp til lesarane å vurdere i kva grad eg har klart dette.
Innleiingsvis har eg skissert opp det analytiske og metodiske rammeverket for avhandlinga. Det teoretiske rammeverket ser eg på både som eit metodisk reiskap for å kunne stille spørsmål til det empiriske materialet, og som eit analyseredskap i den teoretiske framstillinga av empirien. I kapittel to skal eg gi eit overblikk over Vintervik som ei eining, og drøfte det moralske rommet si meining for innbyggjarane i Vintervik. I kapittel tre skal eg gå nærare inn på odelslovgjevinga og eigedomsforhold, og plassere bøndene i Vintervik inn i ei større juridisk kontekst, der slektskap er eit kriterium for rettigheiter i ein del av landskapet: gardsbruket og garden. Eigedomsforhold er samstundes påverka av andre forhold i samfunnet, og er ikkje minst prega av endringar i samfunnet som folkeauke og internasjonal handel. I kapittel fire skal eg følgje denne diskusjonen vidare når eg presenterer gardsbruka og eigarane av gardsbruka. Rekruttering er viktig for eigarar av gardsbruk og deira etterkommarar, bygda som ei eining og landbruket på landsbasis. I kapittel fem skal eg problematisere informantane si forestilling om "fødsel" og "blodsband" som kriterium for å vere ein slektning. Eg vil her særleg dra nytte av David M. Schneider sitt arbeid. I kapittel seks vil eg drøfte rekruttering til gardsbruka i praksis, i forhold til odelslova. Det viser seg at ein ikkje alltid følgjer dei juridiske retningslinjene ved overtaking av bruk. I kapittel sju skal eg sjå på dei prosessuelle relasjonane i gardsbruket, og korleis bruket dannar ei eining basert på namn, arvegods, ritual, historie og minne. I kapittel åtte skal eg drøfte det moralske landskapet vidare, med fokus på jord som både noko materielt og immaterielt. I kapittel ni skal eg kaste ytterlegare lys over empirien ved å drøfte det analytiske perspektivet.
Når eg kom til Vintervik, var det ikkje eit ukjent landskap eg møtte. Eg reiste tilbake til noko som var kjent, eit landskap eg sjølv er oppvaksen i, har tilknyting til og til ei viss grad kan identifisere meg med. I avhandlinga er tilknyting og identitet sentrale omgrep ved det å plassere individ i forhold til "eit kollektiv" eller som ein del av det ikkje-objektive landskapet. I dette kapittelet vil eg gi ei generell oversikt over bygda og innbyggjarane. Eg vil presentere bygda Vintervik som ei eining, dei ulike romma i bygda og plassere bonden og gardsbruket inn i ei vidare landskapsmessig og sosial kontekst. Som ein innbyggjar frå ei nærliggjande bygd er det helst bygdesenteret som vert besøkt ved ulike ærend. Inne i botnen av Vinterfjorden ligg bygdesentret der ein mellom anna finn trygdeheimen, barne- og ungdomsskulen, landhandelen, banken og bensinstasjonen. Her ligg også dei to byggefelta som blei etablerte på slutten av 1960-talet, og dei fleste av innbyggjarane i Vintervik bur i dag i "sentrum".
Det kan her vere relevant å stille spørsmål ved det stadlege, romlege og landskapsmessige sin sosiale relevans. Den polsk-britiske sosiologen og filosofen Zigmund Bauman hevdar at det objektive rommet ikkje finnes (Bauman 1993 og Bringslid 1996:17). Det fysiske rom som menneske omgir seg med er ikkje meir objektivt enn det sosiale rommet dei er del av. Det sosiale rom har både eit aspekt av vedlikehald og kontroll, og eit aspekt av avstand og nærleik. Bauman inkluderer i sosialt rom både det fysiske og landskapsmessige, og det menneskeskapte. Sosialt rom gir eit høve til å snakke om kapasiteten det fysiske rommet har for å skape sosialt rom (Bringslid 1996:17), og Bauman skriv:
[…] physical space is an abstraction which can not be experienced directly: we grasp physical space intellectually with the help of notions which have been coined originally to "map" the qualitatively diversified relations with other humans (Bauman 1993:145).
Bauman hevdar at sosialt rom må bli sett på som ein kompleks integrasjon mellom tre ulike prosessar - det kognitive rom, det estetiske rom og det moralske rom - og produkta frå desse (Bauman 1993:145). Desse "romma" kan tenkjast som sosiale kart med ulike kriterium for differensiering av omgjevnadene (Bringslid 1996:19).
If the cognitive space is constructed intellectually, by acquisition and distribution of knowledge, aesthetic space is plotted affectively, by the attention guided by curiosity and the search for experimental intensity, while moral space is "constructed" through an uneven distribution of felt/assumed responsibility (Bauman 1993:146).
Det kognitive rommet vert danninga av ein sosial orden som grupperer "dei andre" i ulike kategoriar. Desse er dei menneska ein lever med. Nokon personar vert kategoriserte som bønder, andre som slektningar, vintervikingar eller innflyttarar. Ein kjenner til menneska, og plasserer dei i ulike kategoriar, men ein kjenner dei ikkje nødvendigvis. Det moralske rommet vert danna av sosiale relasjonar mellom menneske. "Dei andre" blir objekt som er moralsk signifikante. Dette er dei menneska ein lever for (ibid:165). Slektningar og venner vert ein del av ein person sitt moralske landskap, og slektskap kan slik vere ein måte å lese det sosiale kartet. Det estetiske rommet er det kartet ein kan danne seg utan å ta inn dei andre karta. Ein person kan mellom anna komme til Vintervik som utanforståande og nyte landskapet på ein annan måte enn dei som bur der. Dette blir ein meir overflatisk og uforpliktande måte å forhalde seg til rommet på. Landskapet eller det fysiske rommet er også eit territorium for det estetiske: interesse og ein kapasitet til å underhalde og glede (ibid:168). "Dei andre" er gjenstand for observasjon.
I eit bygdesamfunn samhandlar ein ofte med dei samme personane i ulike samanhengar. Ein vanleg situasjon i Vintervik kan vere slik: ein person møter naboen når ho er på butikken. Denne naboen er også hennar tremenning og trenar for fotballaget sonen hennar spelar på. Dei slår av ein prat, snakkar om "ver og vind" og "korleis det går". I mitt tilfelle kunne denne situasjonen også gjelde antropologen. Dei ulike måtane å lese landskapet som Bauman har skissert opp, er også relevante for meg som antropolog i felten. Eg har allereie ein relasjon til landskapet og forheld meg til ulike kategoriseringar av vintervikingar. Eg har fordommar og forestillingar om "korleis ting skal vere" og korleis vintervikingar "er". I landskapet er det også personar som eg moralsk må forhalde meg til, ta omsyn til og som det er forventa at eg skal kjenne og ha ein relasjon til. Eg kan også ta innover meg det estetiske rommet, utan å ta omsyn til det moralske eller kognitive kart, sjølv om estetisk romdanning alltid er avhengig av at det finnes kognitive kart å referere til (Bringslid 1996:21).
I daglegtalen er "kommunen" ei eining som vert avgrensa i forhold til andre kommunar og i forhold til fylke og stat. På eit visst nivå vert då kommunen oppfatta som ei eining. Røra kommune har dei siste tiåra vore i vekst i offentleg tenesteyting og industri. Det er ingen store industriføretak i Vintervik, noko som gjer at ein god del av innbyggjarane (mennene) arbeider i Sommarvik, der det meste av industrien i kommunen ligg. Det er ein klart kjønnsdelt arbeidsmarknad i Røra kommune. Utbygginga av Pleie- og omsorgsseksjonen i offentleg sektor skapte ein ny etterspurnad etter særleg kvinneleg arbeidskraft i heile kommunen.
Sjølv om kommuna til ei viss grad er oppfatta som ei eining, vert Vintervik oppfatta som ein "del" av kommunen som ikkje er lik dei andre delane. I daglegtalen og offentlege debattar kjem det fram at innbyggjarane forestiller seg ei skeivfordeling av kommunale midlar mellom dei ulike "delane" av kommunen. Dette kom særleg til syne i det eg vil kalle "skuledebatten" våren 1998. Kommunestyret hadde som utgangspunkt ei omstrukturering av skulekrinsane i kommunen. Planen var at ein skulle legge ned ein eller fleire av dei 4 skulane i det som blir kalla den "austlege delen" av Røra kommune, det vil seie Vintervik og dei nærliggjande bygdene Nørstranda, Sørstranda og Paradisbukta. Ein hadde fleire innleiande avrøystingar i dei 4 skulekrinsane, der innbyggjarane fekk uttale seg om kva slags løysing dei såg for seg. Denne prosessen førte til ein del bitre kommentarar i lokalpresse, sosiale lag og i kommunestyret, og ei utradisjonell praktisering av det nokon kalla "T-skjortedemokrati". Då vedtaket var oppe til avrøysting, møtte svært mange innbyggjarar frå den eine av skulekrinsane opp på kommunestyremøtet med T-skjorter påtrykt ei oppmoding om å behalde skulen i bygda, noko dei også fekk (det er usikkert om det var T-skjortene som gjorde utslaget).
"Bygda" Vintervik vert oppfatta som ei eining i forhold til andre bygder.(7) I kva grad vert bygda oppfatta som ei sosial eining i seg sjølv? Innbyggjarar i Vintervik har ei meining om korleis dei enkelte nærliggjande bygdene "er" i forhold til Vintervik og andre bygder. Likevel er det vanskeleg å sette ord på kva det er som gjer ei bygd annleis enn ei anna. Innbyggjarane har også visse stereotypiske forestillingar om korleis dei som bur i dei ulike bygdene "er". Dette kom fram i skuledebatten, ein debatt som engasjerte både gamle og unge innbyggjarar i Vintervik og dei andre bygdene i skulekrinsen. Skulen vert oppfatta som ein viktig institusjon som gjer det attraktivt å bu i bygda, og er samstundes ein arena for ulike arrangement. Fram til midten av 1960-talet var det to skular i bygda, og ein av mine informantar, Sigrid (63 år), fortalde at det var eit skilje mellom innbyggjarane etter dei ulike skulekrinsane: "…når jentene frå Bjerkem gjekk tur på laurdagskveldane, så var det så vidt me turte å gå over Haug-brua…. Og når gutane frå Askhaug kom etter oss, så kom gutane herifrå å jaga dei vekk….". Dagens skulesystem seier ho er med på å jamne ut skilnadene mellom dei ulike delane av bygda. Vintervik har i dag eigen barne- og ungdomsskule (5.-10. klasse) der barna frå både Nørstranda og Sørstranda vert samla på ungdomssteget. Elevar i 1.-4. klasse frå Vintervik gjekk fram til hausten 1998 på barneskulen på Sørstranda. I dei siste ti åra har det vore ein oppsving i barnefødslar i bygda, og ein har kjempa for å få utbygd skulen slik at også elevane på barnetrinnet får vere i Vintervik. Ein eigen komité har i fleire år jobba for å bygge eit grendahus, som også skulle verke som ein del av skulen. På den måten skulle ein få samla elevane på alle trinn både frå Vintervik, Nørstranda og Sørstranda. I media framstod Vintervik her som ei einsarta bygd frå utsida. Etter vedtaka i kommunestyret våren 1998, går elevane frå Vintervik dei første åra (1. - 4. klasse) på barneskulen på Nørstranda frå og med hausten samme år. Det blei ikkje noko vedtak om utbygging av skulen i Vintervik. På eit vis forsterka denne kommunale avgjersla at "….me vintervikingar blir no aldri høyrt på…", for på samme tid vert dei to andre barne- og ungdomsskulane i kommunen bygd ut til å romme 1.-10. klasse.
I tillegg til at skulen er rekna for å vere ein viktig institusjon for bygda, vert skulebygget nytta ved ulike arrangement. Skulen vert til dømes nytta ved 17. mai arrangementet i bygda. Nasjonaldagen er snart det einaste arrangementet som til ein viss grad samlar alle innbyggjarane. Ein eigen komite vert vald som arrangørar kvart år. Medlemmane til komiteen vert vald på grunnlag av kvar ein bur i bygda, og ideelt skal ein velje personar til frå alle gardane(8) i Vintervik. Komitemedlemmane møtest før arrangementet for fordeling av arbeidsoppgåver, organisere innkjøp, mat og underhaldning. Det hender at oppmøtet i komiteen er svært dårleg, og ein i dette års komite forklara det slik: "..når dei legg møta til fjøstia så vell dei no ikkje ha med oss mjølkebønder, i alle fall…". Kvart år skal komiteen velje neste års komite, og etter det eg har forstått er det ingen prestisje i å verte vald inn. Dette er nærast noko alle innbyggjarane "må" vere med på ein eller fleire gongar.
Ulike sosiale lag og foreiningar har tradisjonelt hatt mykje å seie for bygdemiljøet. I bygda er det mellom anna eige idrettslag, musikklag, helselag og museumslag. Nokre av desse laga har også medlemmar frå Nørstranda og Sørstranda. Eit av dei bygdelaga som har vore særleg synleg dei siste åra, er ungdomslaget. Årleg har ungdomslaget hatt revy- og teaterframsyningar, som vert haldne på ungdomshuset i bygda. Tidlegare arrangerte ungdomslaget bygdedans, men i dag har bygda sin eigen kafé og utestad, Kroa, i stor grad tatt ifrå ungdomshusa langs strendene sin funksjon som møtestad for innbyggjarane ved fuktige helgetreff.
I tillegg er det ulike interesseorganisasjonar særskilt for bøndene i bygda. Det er eit eige lokalt Bondelag i Vintervik. Aktiviteten låg nede i nokre år etter "krafttaket" ved EU- avrøystinga i 1994. No har det blitt vald nytt styre, og ein satsar på ein fornya innsats. Økonomien og framtidsutsiktene for jordbruket på landsbasis og i distriktet er rekna for å vere svært dårlege, og dette er meint å gi fornya kampvilje i det lokale Bondelaget.(9) Det er også ulike lag med ei meir spesifikk målgruppe, mellom anna Sauealslag, Kornprodusentane, Svinealslaget og Mjølkeprodusentane.
Bygda har også eige Bondekvinnelag. Bondekvinnelaget i Vintervik er mest synleg gjennom utstillingar og husflidsutsal. I tillegg vert dei engasjerte for å lage mat og servere ved ulike tilstellingar. Ein del av medlemmane vil kalle laget "bygdekvinnelag" i staden for "bondekvinnelag" fordi "…alle bygdekvinnene har dei samme interessene…".
Det arbeidet bygdekvinner har gjort i sanitetsforeingar, helselag og misjonsforeingar har vore viktig for bygdemiljøet (Villa og Vartdal 1999). I dei seinare åra har ein slitt med nyrekruttering til dei ulike laga, og fleire gir uttrykk for at det er dei samme personane som går igjen i alle lag og foreiningar. Yngre bygdekvinner samlar seg heller til meir uformelle sosiale lag. Nokre bygdekvinner treffast kvar måndag for å "trimme" og gå turar saman. Andre har starta "klubb" som eit forum for å drikke kaffi og vere sosiale. Home-parties(10) eller salsselskap er elles ei populær, uformell møteform for kvinnene i bygda. Dette er for bygdekvinnene eit høve til å komme ilag i sosial samhandling. Bringslid, som har studert slike salsselskap og klubbverksemd i bygdene (1990), skriv at moderniseringa i bygdene mellom anna finn stad gjennom slike sosiale samankomster. Internasjonale konsern får innpass ved stoveborda i bygda, gjennom å nytte seg av ei allereie etablert form for sosial omgang i eit bygdemiljø: "å gå på besøk". "Å gå på besøk" blei også ei ramme for mine feltsamtalar, der det gjerne blei servert både kaffi og kaker.
Eg har allereie nemnd nokon av "gardane" i bygda. Garden var frå gammalt av dei bruka som blei rekna for å høyre sammen, og hadde rettigheiter og føremonn på land og sjø. Jakt- og fiske og beiterettigheiter og rett til seterhamn vert fordelt mellom gardane i bygda, og deretter mellom dei ulike bruka på gardane. Garden vert oppfatta som eit rom i bygdelandskapet og er til stade i daglegtalen. Gardane kan framstå som ei kartlegging over landskapet og bygda. Bygda Vintervik blir av innbyggjarane vanlegvis avgrensa til og delt inn i åtte ulike gardar med eigne gardsnamn. Dette er gardane Flate, Granhaug, Askhaug, Eikeset, Bjerkem, Furuset, Vågen og Ospheim, men nokon reknar også med gardane langs Sørstranda.
Mange av innbyggjarane i Vintervik har gardsnamn som etternamn. I matrikkelen(11) blei bøndene fram til siste hundreårsskifte registrert med fornamn, farsnamn og gardsnamn. Slik blei til dømes Knut, son av Johan og busett på garden Bjerkem, heitande Knut Johanson Bjerkem. Fram til siste hundreårsskiftet hadde ein ikkje faste etternamn på samme måte som i dag, og ein skifta gardsnamn eller "adresse" når ein flytta (Fjeld Halvorsen 1975:157). Slik blei folk gjennom namn knytt til ein konkret del av landskapet. Sidan dei fleste på landsbygda før hundreårsskiftet var knytt til landbruket, vil det seie at dei fleste var knytt til ein gard. Etter siste hundreårsskiftet blei det meir eller mindre slutt på å skifte namn når ein flytta. Slik har gardsnamn blitt etablerte som etternamn, og det vart meir synleg om ein person ikkje var født i Vintervik.
Etternamn knyter ein person med eit gardsnamn frå Vintervik til bygda. Etternamn er også eit teikn på om han eller ho er ein vinterviking, og individet vert knytt til delar av landskapet og dei ulike gardane gjennom etternamn. I tillegg kan etternamn vere eit teikn på om folk er "i slekt" eller ikkje, men etternamn skaper også eit metaforisk band mellom eit individ og eit gardsbruk. Ein informant, Børge (50 år), tok over bruket Larsgarden frå ein onkel (FaBr). Onkelen Børge tok over ifrå heitte Bjerkem til etternamn, det samme som garden bruket ligg på. Faren til Børge hadde endra skrivemåten på etternamnet sitt til Bjørkheim, men då Børge tok over bruket endra han etternamnet til det onkelen hadde. Børge er opptatt av at dei som skal overta bruket, om det er hans barn eller nevøar eller nieser, skal halde på Bjerkem-namnet som har vore på bruket heile tida. Då eg spurde om kva han hadde sagt om barna hans avgjorde å selje bruket, drog han på svaret. Etter ei stund kom han fram til at "…var det no slik at for eksempel ho Ingrid [den eine dottera] kjente nokon der ho studera, som ho visste hadde veldig lyst på ein gard, så hadde det vel gått. Men det hadde no vore rart om dei heitte Paulsen eller Hansen då…". For Børge er etternamnet eit teikn på "kar han kjem ifrå".
"Bruket" eller "gardsbruket" er den minste eininga for dei enkelte husstandane. Som nemnd vert rettigheitene og pliktene fordelt mellom dei enkelte gardsbruka på gardane. Brukarane, eller grunneigarane, har såleis rettigheiter som andre bygdefolk ikkje har. I eit bygdesamfunn må eigaren av eit gardsbruk sørgje for at eins eige bruk er ivareteke best mogleg, ikkje berre ut av interesse for seg sjølv og sin næraste familie, men av omsyn til heile slekta og etterkommarane. Anne Katrine Larsen seier på grunnlag av materiale frå Frøysa i Sunnylven, at innbyggjarane der ser seg som berarar av ein norsk bygdekultur der kontinuitet blir skapt av slekta over generasjonar (Larsen 1986). Dette ser også ut til å vere tilfelle for mine informantar.
Alle gardsbruk (Hus) i Vintervik har namn og "biografi". Dei eldste bruka har namn med eit fornamn i, slik som Ivergarden, Erikgarden eller Larsgarden. Desse bruksnamna har sitt opphav frå personen som først fekk tinglyst skjøtet eller leigekontrakt på bruket, men av og til treng det ikkje å vere ein slik samanheng. Ofte kan bruksnamnet ha eit nærmast "mytisk" opphav som ein ikkje kan gjere greie for. Dei yngre bruka har naturnamn eller typonym, som refererer til kjenneteikn på terrenget, som til dømes Storreiten, Vollane og Nedrebø. Dei yngste bruka har oppkonstruerte namn, til dømes namn som Fretheim og Lykkebo. Bruksnamnet er oppført i matrikkelen og på skjøtet.
Bruksnamnet er gjerne knytt til dei personane som bur på eit gardsbruk. Erik Bjerkem (76 år) overdrog bruket Erikgarden til den eine sonen då han var pensjonist. Erikgarden på garden Bjerkem har vore "i slekta" sidan midten av 1600-talet, og var leigd ut i ei periode på om lag tretti år på 1800-talet. Erik var den sjuande eigaren (av totalt 9 generasjonar om ein reknar med sonen) som heitte Erik til fornamn. Dette er noko som blir framheva når eg snakkar med Erik. Den eldste sonen hans, som også heiter Erik, ønska ikkje å overta bruket. Dermed er dagens eigar av Erikgarden, Svein, den andre i rekka som ikkje heiter Erik, på ni generasjonar eigarar i samme patrilinje. Fornamnet er likevel ført vidare. Den yngste sonen har kalla sin son for Erik. Dette fornamnet, knytt opp til den første eigaren som fekk tinglyst skjøtet i 1652, høyrer til i slekta som bur på og kjenner seg knytt til bruket.
Bruksnamna blir også nytta for ei plassering av personar i bygdelandskapet. Erik vert kalla "Erik-Erik", fordi han er "Erik som bur i Erikgarden". Det er helst Erik og dei i hans generasjon som brukar denne måten å knytte sammen personen og bruket. Denne praksisen ser ut til å vere i ferd med å forsvinne. Erik sin son som overtok bruket, blir kalla "Svein i Erikgarden" av naboar og sambygdingar når dei omtalar han. Om ein følgde samme namnesetting som det er gjort på faren, så skulle han bli kalla "Erik-Svein". Det første namnet refererer såleis til "stamfaren".
Praksisen med å knyte saman bruksnamn og fornamn kan sjåast som ein metaforisk assosiasjon mellom menneska og gardsbruket. Personar vert slik knytt til ein moralsk del av landskapet gjennom bruken av namn, både bruksnamn, personnamn og etternamn. Dette gjaldt også meg under feltarbeidet: eg var ein person som blei mogleg å identifisere innanfor dei gitte rammene i eit bygdesamfunn. Sjølv om eg ikkje kom frå Vintervik, kunne mange likevel kategorisere meg som "dotter av…" og "frå Sørengarden…". Slik kunne folk forhalde seg til meg i relasjon til "kar eg kjem ifrå", både gjennom namn og slektningar.
I Vintervik har "kar du kjem ifrå" både eit potensiale til å lokalisere individet som person i landskapet i vid forstand, og bli identifisert i forhold til eit Hus. Informantar skiljer mellom ein vinterviking og personar frå andre bygder. Det er også eit skilje mellom vintervikingar og "innflyttarar". Ein finn nok dei som reknar seg sjølv som vinterviking fordi ein har vakse opp i bygda, men det vil ikkje seie at ein vert sett på av andre som "ekte vinterviking". Er foreldra fødd andre stader, kan det vere nok til at ein person blir knytt til ei anna bygd og andre delar av landskapet. Personar med ein "blanda" bakgrunn, det vil seie der ein av foreldra er vinterviking og den andre er innflyttar, har ein valfridom i forhold til å identifisere seg sjølv. Dei fleste "innflyttarane" reknar også seg sjølv som knytt til den staden der han/ho eller foreldra er født. Det vil seie at ein person si tilknyting til ein stad til ein viss grad er styrt av forestillingar om delt biogenetisk materiale gjennom "fødsel". Nett som Strathern (1981 og 1982) kjem fram til i si analyse av Elmdon, ein sør-engelsk landsby, er ei forestilling om "kar du kjem i frå" gjennom fødsel ein lukka modell i forhold til dei tilgifta til ei slekt og innflyttarar til bygda. Den britiske antropologen Anthony Cohen hevdar likeins at tilhøyre inneber noko meir enn berre det å vere født på ein viss stad (Cohen 1982):
The depth of such belonging is revealed in the forms of social organisation and association in the community so that when a person is identified as belonging to a particular kinship group or neighbourhood he becomes, at the same time, a recognisable member of the community as a whole and of its cultural panoply (Cohen 1982:21).
Cohen hevdar såleis at kjensla av tilhøyre som innbyggjarane har til landsbyen inneber noko meir enn å vere født i Whalsay på Shetland. Innbyggjarane vert identifisert og knytt til Whalsay som eit heile gjennom slektskapsband og naboskap. Dette ser også ut til å vere tilfelle i Vintervik: forestillingar om fødsel, befrukting og blodsband ser ut til å vere med på å skape identitet i den forstand at dei enkelte individa blir plassert i forhold til andre menneske på fleire nivå. Det vil seie plassering både når det gjeld dei ulike romma i eit bygdesamfunn, slektskap og tilknyting til "ei slekt" og som medlem av eit fellesskap av naboar. Samstundes er visse eigenskap rekna for å vere knytt til "ei slekt" eller "eit Hus". Eigenskap som til dømes musikalitet blir rekna for "å gå med" slekta eller blodet. Ein av mine informantar seier mellom anna: "…Me er no av denne musikerslekta, me her i husa….". Andre blir rekna for å vere særleg "flink", "sta" eller "vanskeleg" å ha med å gjere. I Vintervik blir individet såleis ein definert person innanfor gitte rammer i bygdesamfunnet.
Bringslid, som har gjort feltarbeid i ei anna vestlandsbygd, hevdar at "i slekt" er eit eksplisitt og orienterande omgrep for å kartleggje staden, og som ei moralsk referanseramme: kven du har eit slags ansvar for (Bringslid 1996). Bringslid hevdar likevel at slektskap som fellesskap ikkje er nokon viktig sosial institusjon i den moderne bybygda Grøningen sitt kvardagsliv (ibid:42). I Vintervik vert omgrepa "i slekt" eller "i slekta" nytta av innbyggjarane i daglegtalen når ein skal snakke om andre personar i bygda. Sjølv seier dei fleste av mine informantar at slektskap er noko som er viktig for dei eldste personane i bygda, men mindre viktig for dei yngre. Utsagnet kan innebere at ein i dag er mindre interessert i slektskap enn tidlegare, og at slektskapsrelasjonar er mindre viktige enn dei var før. I praksis er ofte vennskap og felles interesser viktigare enn slektsrelasjonar når det gjeld sosial samhandling i bygda. Utsagnet kan også innebere at ein med alderen vert meir interessert i slektskap som kunnskap. Eg blei under feltarbeidet oppmoda til å snakke med personar som blei rekna for å "kunne mykje": dette var dei eldre personane i bygda, og særleg dei på dei største og eldste gardsbruka. Kva slags kunnskap var det i så fall mine informantar vurderte som interessant for meg? Var det ei objektiv historie eller sanning om bygda? Blei i så fall yngre personar og personar på mindre bruk ikkje rekna for å ha tilstrekkeleg kunnskap som var interessant for meg?
Å ha kunnskap om og kjennskap til "slekt" vil ikkje nødvendigvis seie at eldre personar har meir sosial omgang med sine slektningar. Ein av mine yngre informantar (Steinar 43 år) seier mellom anna: "Det [slektskap] er no voldsomt omtala, men I trur ikkje at desse gamlekarane tek så mykje initiativ sjølv heller. Nei, dei synes det er galt og dei pratar om det, men er dei så flinke då? Dei er vel ikkje flinkare enn nokon andre. Det kan no hende at dei kritiserer oss ungdommane for at me ikkje gjer slik og slik då. Men er dei noko betre dei… I ser no… han far hadde no besteforeldra sine i Sykkylven, og kor mange er det no som han besøke på heimplassen der då?". Ein kan likevel sjå at nokon oppsøker slektningar dei aldri har møtt før, når dei blir pensjonistar.
I dette kapittelet har eg presentert bygda Vintervik som eit ikkje-objektivt rom. Innbyggjarane forheld seg til landskapet og andre menneske i landskapet mellom anna gjennom forestillingar om "fødsel" og "kar du kjem ifrå". Sjølv om mine informantar seier slektskap i dag ikkje lenger vert vurdert som så viktig som tidlegare, vil eg hevde at slektskap er relevant for ein person si tilknyting til bygda. Det er slektskap som avgjer om ein person er ein "vinterviking" eller ein innflyttar, og er med på å knyte individet til ein stad og til sine "røter". Slektskap er også knytt til forventningar til personane og "korleis dei er", og kven dei skal ha eit moralsk ansvar ovanfor. Det sosiale nettverket i eit bygdesamfunn inkluderer svært ofte slektningar. Slektskap knyter også eit individ til dei enkelte gardsbruka i bygda. Gardsbruket knyter saman bustad og avstamming, noko som vert synleg i korleis ein nyttar både fornamn, etternamn og bruksnamn. Gardsbruk er einingar basert på slektskap og forestillingar om "fødsel", og knyter forestillingar om blodsband og avstamming til bustad. Gjennom Husa vert medlemmane identifisert i eit vidare sosialt nettverk. I neste kapittelet skal eg vise korleis ein person også gjennom det juridiske vert identifisert til eit Hus.
Fram til i dag er det slektskapsrelasjonar som i hovudsak styrer rekruttering til landbruket. Det norske rettssystemet skiljer mellom arverett, odelsrett og åsetesrett. I prinsippet er arveretten lik uavhengig kjønn og alder, og arv skal delast likt mellom etterkommarane til arvlatar. I dette kapittelet vil eg gi ein generell bakgrunn om lovverket som vert rørt ved arv av landbrukseigedommar. Det er særleg odelsretten som avgrensar kven som har juridisk rett i landbrukseigedommar. Eg vil også sette det norske gardsbruket i ei komparativ kontekst og gi ei generell drøfting av eigedomsforhold i Europa, dei skandinaviske landa, i tillegg til Noreg og Vintervik spesielt. I kapittelet drar eg særleg nytte av Goody og de Haan sitt arbeid.
Odelsretten er eit gammalt rettsfenomen med røter tilbake til 1000-talet. Odelsjorda var slekts- eller ættejorda, og stod frå gammalt av i ei særstilling. Personleg og sosial status var knytt til jorda og avhengig av at ein høyrde til ei ætt med odelsjord eller ikkje, og dei med odelsrett kunne motsette seg at jorda gjekk ut av ætta (Knoph 1993:190). Sjølve ordet "odal" kjem frå gammalnorsk, og tyder for det første "dyrka mark" i motsetning til utmark (Skeie 1950:1). Odel tyder vidare "eigedom, fedreheim, fedreland". Den opprinnelege tydinga kjem frå det poetisk oldnorske "odal", som tyder "natur, vesen". Av dette utvikla meininga "slekt og herkomst" seg, relatert til "adel". Den eldste tydinga av ordgruppa er slekta til "hjerte, åre/blodåre" (Falk og Torp 1991:565).
Odelsretten har fram til i dag vore oppe til debatt og diskusjon. På 1700-talet og i unionstida med Danmark var den gjenstand for kritikk frå mange hald. Særleg danske adelsmenn ønska odelsretten oppheva, slik at ein kunne kjøpe opp norske gardsbruk. Det var ikkje ei liknande lov i Danmark, der jord kunne kjøpast og seljast fritt (Skeie 1950:17). Vidare meinte ein frå politisk hald at odelsretten var skadeleg og "hemma jorddyrkinga". Likevel må odelsretten ha blitt sett på som viktig for bøndene, og den vart grunnlovsverna i 1814 (ibid:21-23). På den tida var om lag 80 % av innbyggjarane i landet knytt til landbruket. Til samanlikning er det i dag om lag 3 % av innbyggjarane som har inntekt frå landbruket, og for den vanlege nordmann har ikkje odelslova så stor praktisk meining (Bjørnstad 1997:8). På slutten av 1800-talet oppstod igjen debatten om odelsretten skulle opphevast. Retten var i konflikt med frihandelsprinsippet,(12) som slo igjennom elles i Europa. Odelsretten representerte ei avgrensing av kjøp og sal av eigedom, og ei slik avgrensing passa ikkje til frihandelsprinsippet (Skeie 1950:32). Ein meinte at med større fleksibilitet kunne bruket hamne hos dei som hadde best forutsetning for å drive det, i staden for å halde eigedommen i slekta.
Ei ny odelslov blei vedteken 28.juni 1974.(13) Odelsretten er i dag ein rett eigaren av eit bruk og nokon av hans eller hennar sine slektningar har til fast eigedom over ein viss storleik, som kan nyttast til landbruksdrift. Ein ny eigar opparbeider seg odelshevd etter 20 år med full eigedomsrett. Etterkommarar får odelsrett dersom foreldra, besteforeldra eller nokon av foreldra sine søsken har eigd eigedommen med odel. Dette er ei avgrensing i forhold til korleis det kunne vere tidlegare, då opp til fleire hundre personar kunne ha odelsrett på det samme bruket. Odelsretten vert avgjort ved avstamming, og den som står nærast den som opparbeidde seg odelsretten eller dagens eigar, har best odel. Arvingane blir prioriterte etter alder, der den eldstefødte med si line går framfor dei yngre. I 1974 fekk kvinner odelsrett på lik linje med menn. Lovendringa fekk tilbakeverkande kraft frå og med 1. januar 1965, og endringa vakte stor diskusjon (Bjørnstad 1997). Lovendringa kunne medføre at ein som var født odelsgut kunne miste odelsretten til ei eldre søster. Adoptivbarn fekk odelsrett i 1986.(14)
Odelsretten kan gjerast gjeldande i to situasjonar: ved eit skifte og ved ei løysing. Eit skifte er når eigedommen skiftar eigar innanfor odelskrinsen. Foregår skiftet medan arvlatar lever, kjøper arvingen bruket av arvlatar. Dei andre livsarvingane har i så fall ikkje rett på ein økonomisk kompensasjon. Døyr arvlatar før skiftet er gjort, skal den som tar over bruket kjøpe ut dei andre arvingane. Retten blir også gjort gjeldande ved ei løysing; det vil seie når eigedommen anten vert seld ut av slekta, eller går til nokon med dårlegare odelsprioritet. Ein person med betre odelsrett kan då gå til løysingssak og få bruket utlagt til seg innan eit år. I 1974 blei det også krav om bu- og driveplikt ved ei overtaking, for å hindre at nokon overtek bruk til fritidsformål. Meininga med denne ordninga skulle var auke sjansen for kjøp av tilleggsjord, og sikre eit betre driftsgrunnlag for gardsbruk med drift (NOU 1991(2c):60). Det er høve til å søke kommunen om fritak for bu- og driveplikta. Det er buplikta som er det sentrale; ein person som tar over pliktar seg til å busette seg på bruket innan eit år og drive bruket i fem. Driveplikta kan ordnast ved å leige ut jorda (Søbstad og Andresen 1995:24).
Arvingane har eigen åsetesrett når det gjeld fast eigedom det kviler odel på. Ordet "åsete" er eit norsk dialektord, og tyder "bebuar av jord" (Falk og Torp 1991:4). Åsetesretten gjeld for så vidt arveretten like mykje som odelsretten (Skeie 1950:41). Åsetesretten prioriterer også den eldstefødte med si line framfor yngre søsken. Åsetesretten gir den eldste av arvlataren sine livsarvingar rett til å få garden utlagt til seg ved eit skifte, til ei rimelegare takst enn marknadsverdien. Slik skal ein hindre ei oppdeling av bruka, og sikre at den som tar over skal klare å bli sitjande med bruket økonomisk. I prinsippet skal åsetesretten berre gjelde skifte ved dødsfall, men har i praksis stor utstrekning ved andre overdragingar (Søbstad & Andersen 1995:25). I praksis skjer ofte overdraginga til neste generasjon medan arvlatar er i live.
Vert gardsbruket seld til nokon utanom odelskrinsen, kjem kjøpet inn under "Konsesjonslova av 31.mai 1974". Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsettinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og slike eigar- og bruksforhold som er mest gagnleg for samfunnet (Søbstad og Andersen 1995:25). Lova etablerar også ein generell forkjøpsrett for stat og kommune i dei tilfella det er konsesjonsplikt (ibid:26). Kjøparen søker i dei fleste tilfelle kommunen om konsesjon. Det offentlege organet skal vurdere kjøpet med omsyn til busetting, arbeidsmessige og driftsmessige gode løysingar og omsyn til miljø og kulturlandskap (NBS(15)-notat 1998). Kjøparen si kompetanse vert også vurdert, og i kva grad overtakinga blir sett på som realistisk. Kommunen og fylkeskommunen skal her ta stilling til om kjøparen er skikka til å ta over bruket (Søbstad & Andersen 1995:30). Konsesjon blir ikkje gitt i dei tilfella der prisen vert rekna som for høg, om kommunen tilrår bruk av statens forkjøpsrett og skal selje jorda som tilleggsjord, eller om konsesjonssøkjar ikkje vil flytte til eigedommen (NBS-notat 1998). Bu- og driveplikta gjeld også konsesjonssøkjar.
I tillegg vil overtakingar både innan og utanom odelskrinsen komme inn under "Jordlova av 18.mars 1955". Jordlova legg retningslinjer for all dyrka mark. Dyrka mark må haldast i hevd (bli driven) og ikkje nyttast til anna enn jordbruksforetak. Ein ser her kvifor driveplikta vert viktig både ved overtakingar innan og utanom odelskrinsen. Om dyrka jord ikkje vert driven, kan landbruksmyndigheitene gripe inn og gi eigaren pålegg om dette, enten ved at eigar driv sjølv eller leiger jorda ut til jordbruksformål. Landbruksmyndigheitene kan gripe inn og sette i gang drift på eigar sin kostnad om driveplikta ikkje vert oppfylt. Landbruksmyndigheitene kan også krevje ekspropriasjon (sal) av jorda (Søbstad & Andresen 1995:32). Jordlova gjer det vanskeleg å dele frå dyrka jord til tomter for sal.
Goody hevdar at ein ikkje kan sjå på ekteskapet og familien skilt frå produksjon eller produksjonsforhold og heller ikkje separat frå den totale sosiale konteksten (Goody 1990:10). Goody stiller spørsmål om kristendommen si framvekst i Europa har styrt forståinga av slektskap og eigedomsforhold heilt fram til i dag (Goody 1983:46). Kristendommen introduserte nye element ein ikkje hadde tidlegare. Kyrkja overtok ansvaret for dei ulike samfunnsinstitusjonane som til dømes vigslar, dåp og gravferd. Slik tok også kyrkja over retten til å avgjere kva som var legitimt samliv, og ekteskapet blei "heilagt" gjennom det religiøse ritualet. Kyrkja eller kristendommen fekk definisjonsmakta over kva som var rett og galt, kven ein kunne gifte seg med og kva slags type samliv ein skulle ha. På 1000-1100-talet blei det forbod mot leviratet(16) og konkubine-praksis(17), forbod mot gifte med nære slektningar og adopsjon blei avgrensa. I Noreg fekk til dømes ikkje adopterte odels- og åsetesrett på lik linje med eit "ektefødd" barn før i 1986. Ikkje før med lovendringa i 1974 fekk barn fødd utanom ekteskapet odelsrett etter faren og faren si slekt, om ikkje faren hadde tinglyst ei erklæring om at barnet var hans (lyst barnet "i kull og kjønn"). Dette gjeld enno for dei som er fødd før 1. januar 1965. Barn fødd etter denne datoen får odelsrett etter faren når farskapet er fastslått eller erkjent i samsvar med reglane i barnelova ( Homlong m.fl. 1998:9).
Goody hevdar at kyrkja sine økonomiske interesser hadde avgjerande innverknad på eigedomsforholda i Europa. Det blei eit gradvis skifte av eigedomsrett frå det private til det offentlege. Fram til ei ny lov om adopsjon blei introdusert i 1926, var det ikkje tillate med adopsjon i Storbritannia (Goody 1983:73). Det vil seie at barnlause ikkje kunne skaffe seg arvingar gjennom adopsjon. I den føregåande perioden kunne kyrkja overta eigedom det ikkje var livsarvingar til, og kyrkja kunne auke sin rikdom. Kyrkja fekk på samme tid ei rekke privilegier, som rett til eigedom og produktiv jord gjennom gåver, arv eller kjøp (ibid:103). Dette førte til nye eigedomsformer slik som klostergardar. Dermed kunne det offentlege, stat og kyrkje, slå under seg ei rekke eigedomar, og rikdommen auka raskt. Dei tilsette innan kyrkja hadde ingen eigedomsrett, og heller ikkje deira barn.
Goody hevdar vidare at det først etter kristendommen sitt inntog blei innført unigenituret eller primogenituret. Det vil seie at berre ein arving, då helst den eldste sonen, fekk arverett (ibid:119). I middelalderen var det aukande agnatiske tendensar, der ein mann og hans arvingar stod i fokus. Dei tilgifta slektningane blei såleis ekskludert frå arverekka, og dette førte til at det var færre slektningar som kunne stille krav i eigedommen i forhold til tidlegare (ibid:120). I det gamle arvesystemet var det vanskeleg å la jordeigedommar gå over på framande hender når det var mange arvingar som kunne stille krav. Med arvingane sine reduserte krav fekk kyrkja tilgang på jordeigedommar.
De Haan viser til tre ulike praksisar for arv av landbrukseigedommar i Europa. Type (1): Det er ein arving som får landbrukseigedommen, medan dei andre arvingane mottar økonomisk kompensasjon (mellom anna Frankrike, Belgia og Danmark). Type (2): Arvlatar deler landbrukseigedommen likt mellom arvingane (mellom anna Hellas, Italia, Spania og Portugal). Type (3): Det er ein arving som får landbrukseigedommen, medan dei andre arvingane får liten eller ingen kompensasjon (mellom anna Storbritannia, Nederland, Irland og Tyskland) (de Haan 1994:296). Det vil seie at sjølv om ingen andre land har ei juridisk preferanse for slektningar som odelsretten etablerer, så kan ein sjå visse like trekk i arvepraksisen i andre land. De Haan har ikkje med Noreg i si kategorisering, men mest sannsynleg vil Noreg komme inn under type (1) saman med Frankrike, Belgia og Danmark. I Noreg vil dei andre arvingane ha krav på økonomisk kompensasjon i dei tilfella arvetransaksjonen skjer etter at arvlatar er død. Skjer transaksjonen medan arvlatar enno er i live, har ikkje dei andre arvingane krav på økonomisk kompensasjon. I eit slikt tilfelle vil det norske arvesystemet komme inn under type (3) saman med mellom anna Storbritannia og Nederland.
Det er, i følgje de Haan, to former for transaksjon av landbrukseigedommar i Nederland; rein marknadstransaksjon eller transaksjon innan familien (ibid:216). Ved den sistnemnde vil det vere to former for arvestrategi: anten at arven vert delt mellom arvingane, eller at ein arving tar over hele eigedommen. I prinsippet skiljer ein ikkje juridisk mellom arv landbrukseigedommar og anna arv. Det vil seie at alle arvingar har rett på lik del av arven. I praksis viser det seg at i dei austlege delane av Nederland, mellom anna i Geesteren, går eigedommen til ein av arvingane. Som oftast er dette eldste son, i nokre tilfelle ein svigerson, og sjeldnare ei dotter. De Haan tar for seg eigedomsforholda i ulike tidsepokar (i Geesteren), og om tida fram til 1950 seier han:
Society was basically viewed as a hierarchical collection of family groups, each belonging to a specific estate, and linked with the past and the future through the perennial bond between the land, a residence and a single line of descent (together the "house"). The identity and status of a person were derived from the rank of the house, this being conceptualised in items of material assets and historically accumulated symbolic capital (de Haan 1994:235, hans parantes).
Reproduksjon av Hus innebar at ein peikte ut ein arving i kvar generasjon til å overta det interne og offentlege ansvaret i forhold til Huset sin status.(18) Andre medlemmar blei marginalisert til mindre viktige posisjonar enn den som overtok bruket, og dei fleste bøndene prøvde å hindre at bruket blei oppdelt. I tida etter andre verdskrig og fram til i dag, ser denne arvepraksisen ut til å ha styrkja dei store bruka. De Haan kan finne at mest alle dei familiane som hadde gardsbruk i dette området i 1835 og 1855, enno hadde bruka i sin familie. Nokon av bruka var delt mellom to arvingar, men fleirtalet av bruka var prega av å ha vore i ei "uforstyrra" arvelinje der eigedommen har gått til ein arving (ibid:238). De Haan finn også at det berre er to av familiane som i mangel av ein arving hadde seld bruket. Fleire av dei små bruka har opphøyrt som ei eining, medan middels store bruk har blitt større ved å kjøpe opp tilgjengeleg jord. Hovudmålet for bøndene i dette området er at ein av arvingane får overta huset og all jord (ibid:243).
De Haan reknar dei skandinaviske landa til dei "klassiske" jordbruksområda i Europa, som han ser på som hus-baserte samfunn. Dette er områda i Vest- og Sør- Tyskland, Aust- og Sentral- Europa og dei nordlege delane av Portugal og Spania (de Haan 1994:9). Som nemnd drøftar ikkje de Haan Noreg spesielt, og skilnadene mellom dei skandinaviske landa er store. Ingen av dei andre skandinaviske landa har til dømes ei lov lik odelslova, som særstiller landbrukseigedommar i forhold til anna arv, og den norske statsvitaren Øyvind Østerud ser på norsk jordbruk som eit særtilfelle i forhold til svensk og dansk jordbruk (1978:260-261).
I det tradisjonelle arvesystemet i Sverige kjøpte den eldste sonen ut dei andre arvingane. Dette er likt vår odelsrett, men odelsretten som lov eksisterte ikkje i Sverige (ibid:110). I Sverige dominerte adelen på byrjinga av 1700-talet som eigarar av jordbrukseigedommar, og ein hadde eit føydal-liknande styre. Ein skilte mellom tre ulike typar jordeigedommar eller "jordnatur". "Skattehëmman" var disponert av bønder, men eigd av staten eller kongen. "Kronohëmman" var kongseigedommar, og "Frälshëmman" var ein skattefri adelseigedom. Det var regionale skilnader med omsyn til kva slags jordeigedommar som dominerte. Både Sverige og Danmark gjekk tidleg i retning av storskalajordbruk i forhold til landbruket i Noreg (ibid:93).
Heller ikkje i Danmark har ein hatt ei liknande lovgjeving. I Danmark var det på 1700-talet for det meste sjølveigande bønder. Mellom bøndene og staten stod jordadelen, som var etablert for å støtte kongen (ibid:102). Konge og adel hadde visse rettigheiter i det bøndene produserte, krav i arbeidskrafta til bøndene og rett til å jakte og fiske på eigedommen til bøndene. Dei fleste danske bønder budde i landsbyar, som låg rundt eit landsbysentrum, langs ei gate eller langs ei kystlinje. Landsbyjorda var delt i relativt like delar der kvart bruk fekk sin del, medan det var jordadelen som hadde ansvaret for dyrkinga (ibid:92). Så tidleg som på 1700-talet blei dansk jordbruk tilpassa marknaden. Ein kan kanskje seie at odelslova er meiningslaus i eit slikt system (ibid:102). I figur 3.5.1. har eg gjengitt ein artikkelen frå Bondebladet, der nettopp denne skilnaden vert lagt vekt på. Den danske, kvinnelege bonden som blir intervjua, understrekar at odelslova er uforståeleg for henne og for danske bønder. Ho påpeikar også at odelslova vanskeleg kan la seg foreine med eit ønskje om rekruttering til landbruket. Dette er også eit argument som vert nytta i dagens debatt om odelslova, som eg skal komme tilbake til i kapittel fire.
Figur 3.5.1. - Norske bønder er litt bortskjemte
- Norske bønder er litt bortskjemte- Jeg tror at norske
og danske bønder aldri kan komme til å tenke |
|
|
|
|
|
Hun stilte i år for første gang på årsmøtet i Norges Bondelag som gjest fra De danske Landboforeninger. Hovedinntrykket var de mange kulturforskjellene mellom norsk og dansk landbruk. - Norske bønder vil helst ikke lukke opp for andre. Alt skal være norsk, norsk, norsk. Men så er jo hele strukturen helt annerledes enn hos oss. Dere vil gjerne bevare de små familiebrukene. Det kan jeg forstå, med de begrensningene naturen setter. Man kan selvfølgelig ikke bare utvide og utvide gårdene i et land så oppdelt av fjell og daler, slik vi kan i Danmark, sier den danske gjesten.
Odelsloven uforståelig Spesielt forundrer hun seg over blant annet den norske Odelsloven. Hun har vansker med å forstå begrunnelsen for den, og hvordan den lar seg forene med ønsker om rekruttering til landbruket i dagens samfunn. Etter en del besøk på norske gårder, synes hun også at norske bønder er litt bortskjemte. Inntrykket hennes er at selv de minste gårdene har utstyr som danske bønder ikke kan drømme om. - Vi forstår godt at de norske bøndene synes de har det godt og vil beholde det de har, sier hun. Selv kommer hun fra et melkebruk i Nord-Jylland på 1000 dekar, med 120 melkekyr. Det kan man godt leve av, sier hun. Som den første kvinnelige lokallags-formannen i De danske Landboforeningers historie, er hun full av beundring for hvor langt kvinnene er kommet i Norges Bondelag. I Danmark er man bare så vidt begynt på en tilsvarende utvikling. Hovedutfordringen akkurat nå for de danske bøndene, er dyrevelferd, miljø og økologi, og |
hvordan dette kan forenes med lønnsomhet. - Vi er nødt til å tenke på etikk og dyrevelferd. Vi er et eksportland, og må ta hensyn til hva forbrukerne på de store markedene mener. Dessuten er vi nødt til å tenke på miljøet, for det er det vi skal leve av. Men miljø koster. Spørsmålet er hvem som skal betale regningen. Vi bønder kan ikke fortsette med å ta alle utgifter, sier Sondrup. Akkurat nå er situasjonen at den økologiske produksjonen i Danmark har økt kraftig. Etterspørselen har derimot ikke vist seg å øke i samme grad. Resultatet er en overproduksjon av økologiske produkter. - Dette viser at det ikke nødvendigvis er samsvar mellom det forbrukerne sier de vil ha, og det de i praksis er villig til å betale for, sier Lone Sondrup.
Jon Lauritzen ------------------------ Bondebladet |
|
(Bondebladet 24.06.99) |
|
På Island har landbruk, ved sidan av fiske, hatt ein sentral rolle for innbyggjarane framigjennom historia. Eigedomsrett til landbrukseigedommar på Island har vore under påverking frå norsk lov og sedvane. I Heimskringla fortel Snorre Sturlason at den norske kongen, Harald Hårfagre, tok odelsjorda frå bøndene i Noreg og fekk dei til å betale leige. Dette skal vere ein av hovudårsakene til at nordmenn emigrerte til Island (Hastrup 1985:190). Då dei første nybyggjarane frå Noreg kom til Island hadde ikkje odelsrett noko meining der dei kom, sjølv om odel eksisterte som eit omgrep (Hastrup 1990a:82).(19) Dei første nybyggjarane tok det jordbrukslandet som var tilgjengeleg, og dei som kom seinare var avhengig av å få jord frå desse (Hastrup 1990b:61). Seinare oppstod det eit skilje mellom "odalból" og "leiguból" ved klassifisering av landbrukseigedommar (Hastrup 1985:191). Forestillingar om odel og prioritet for "ætta" ser ut til å ha vore eit varig privilegium for tilgang på land på Island, og eigedomsforhold var nært knytt til ei forestilling om slektskap og tilhøyre (Hastrup 1990a:91). Dei første kyrkjene på Island blei bygd på privat initiativ og gjennom donasjonar. Kyrkjene blei bygd på "odalból", men etterkvart oppstod det ei konflikt mellom jordeigarane og kyrkja sine interesser. Konflikten resulterte i at jordeigarane mista mykje av sin eigedom (Hastrup 1985:196). I "Jónsbók" (lova frå 1281) blei odel reintrodusert i islandsk lov, men odel var no ikkje ein term som berre gjaldt eigedomsrett i jord, men eigedomstype. Etter konflikten mellom kyrkja og jordeigarane, hadde ikkje lenger eigedomsrett noko å gjere med slektskap eller andre sosiale relasjonar (ibid:203). Eigedomsrett var no ein relasjon mellom menneske og eit materielt objekt, og ikkje ein relasjon mellom menneske og ætta. Dermed kan det sjå ut til at odel var ein kortvarig rettsinstitusjon på Island.
I Noreg låg store delar av jordeigedommar under konge og kyrkje fram til 1600-1700 talet. I 1661 var 31 % av jordeigedommane krongods, 8 % var eigd av adel, 21 % eigd av kyrkja og 40 % eigd av private (Dyrvik 1991:137). Sjølv om det er snakk om at 40 % av jordbruksarealet i landet var i privat eige, var truleg mindre enn ein fjerdedel av bøndene sjølveigarar (Helle 1991:31). Brukarane var i stor grad leiglendingar, det vil seie dei betalte leige til eigarane av jorda for å drive jorda. Frå 1660 byrja kongen å overdra eigedommar til velståande embetsmenn, og frå 1675 blei ein del av krongodsa overdratt til småbønder (ibid:32). I 1721 var det på landsbasis berre 33 % av bøndene som var sjølveigande (Dyrvik 1991:186). Likevel vert det mellom anna i lokalhistorisk litteratur teikna eit bilete av "den norske bonden" som fri og autonom. Den norske forfattaren Inge Krokann skriv at den norske landsbygda før 1850 var prega av autonome og sjølvstendige bønder (Krokann 1976). Garden, med dei rettigheiter og føremonn som var knytt til den, var på mange måtar ei ukrenkeleg celle i samfunnsorganismen og verna av lov og sedvane. I ly av dette gardvernet hevdar Krokann at bondesamfunnet vaks seg sterkt. Det viktigaste grunnlaget for det gamle bondesamfunnet var den personlege fridommen i arbeidslivet. Det var ingen overklasse som greip inn i den sjølveigande bonden sitt arbeid, og sjølv leiglendingar hadde ein fri posisjon i det daglege arbeid. I tillegg blei dei som ein gong hadde komme seg til jord privilegerte, og det kunne vere vanskeleg for dei som ikkje var "av slekt" å få tilgang på jord (Krokann 1976). Biletet av den fri bonden er nok ei sanning med modifikasjonar, sidan bønder i Noreg måtte betale skatt til staten. Når bønder byrja å kjøpe opp jord måtte dei som oftast ta opp lån, og i staden for å betale leige måtte dei betale rente av lånet. I følgje Kristan V si lov av 1687 var det ulovleg for jordeigarar å dele mindre bruk (Dyrvik 1991:185). Personar med odelsrett hadde på grunn av åsetesretten rett til å overta bruket udelt. Lova blei derimot ikkje fulgt i så stor grad, og det kan vere ein samanheng mellom bruksdeling og auke i antal sjølveigarar (ibid:186). Særleg på Vestlandet var jordbruksarealet prega av teigblanding, det vil seie at teigane på innmarka til dei enkelte bruka på garden låg blanda. Deling av bruk kunne då skje utan at andre vart påverka (ibid:187). Utviklinga mot sjølveige skjedde ikkje til same tid i alle delar av landet. Særleg i Agder og på Austlandet gjekk utviklinga raskt. Ein av årsakene til dette er at det i dei skogrike landsdelane var økonomisk attraktivt å vere sjølveigande for å kunne hogge skogen fritt.
Krokann kallar endringsprosessane i det norske jordbrukssamfunnet, som foregår frå siste halvdel av 1800- talet og fram til siste verdskrig, "det store hamskiftet" (1976). Med det meiner han at fram mot vår tid har den konsumbaserte og relativt autonome bonden gradvis blitt inkorporert i eit vidare nettverk av tilbod og etterspurnad. Kommunikasjonen med omverda vart betre då det vart bygd vegar, og jarnbane. Ein vart meir avhengig av forhold utanfor bygda. Det vart importert jordbruksvarer frå andre land, industrialiseringa auka og byane vaks. Dette skapte ein ny marknad for handel med jordbruksprodukt. Bonden sin autonomi blei i følgje Krokann svekkja, og landsbygda vart gradvis integrert i og avhengig av forhold i storsamfunnet. I tillegg førte folkeauken på den norske landsbygda til eit auka press på jord. Langs kysten var fiske eit alternativ, men i det indre vestland og i innlandet var det få andre alternativ enn jordbruk. Husmannsordninga vaks i stor grad fram for å absorbere folkeauken, men denne ordninga var mest utbredd på Austlandet.
I følgje lokalhistorisk litteratur var det før 1780 berre fem bønder som var sjølveigarar i Vintervik. Det meste av jordbruksarealet låg under eit gods, som i åra etter 1780 blei lagt ut for sal. Det førte til at brukarane i stor grad kunne kjøpe jorda dei tidlegare hadde leigd. Opp mot 1800-talet var det i følgje lokalhistorisk litteratur ei oppgangstid i jordbruket i området der Vintervik ligg. Det blir hevda at dette ga bøndene i Vintervik større økonomisk evne til å kjøpe gardsbruka dei dreiv. Det var også husmannsplassar i Vintervik, og husmenn kunne vere både søsken og barn av grunneigaren. Desse kunne få leige eit stykke jord (ein plass) ut av bruket til ein grunneigar, og hadde til gjengjeld arbeidsplikt i forhold til han. Husmennene var i ei periode ei stabil arbeidskraft i Vintervik, og kombinerte gjerne jordbruksarbeid med ei attåtnæring som handverkarar. Både leigeforhold og husmannsforhold kunne gå i arv mellom generasjonar. Vidare selde ei rekke av brukarane delar av bruket sitt som sjølvstendige einingar, mellom anna for å finansiere kjøpet av jordeigedommen. Dette førte til at jordteigane vart svært oppdelte. I Røra kommune var det stor folkeauke på siste halvdel av 1800-talet, og som eit resultat av dette utvandra mange av innbyggjarane til byar og tettstader i meir sentrale strok og til utlandet (Amerika og Canada).
Med folkeauken blei det eit behov for ei meir rasjonell fordeling av jordbrukseigedommar, meir dyrkbar jord, og nye metodar og reiskap (Østerud 1978:140). Utskiftinga er ved sidan av dei teknologiske nyvinningane den største rasjonalisering som har skjedd i norsk jordbruk. Utskifting eller jordskifte er ei offentleg avklaring av eigedomsforhold. Tanken bak jordskifteverket har vore å tilpasse eigedomsforhold og busetnadsforhold til endringar i behov og aktuell arealbruk (NOU 1991(2c):60). Gjennom ei utskifting kan gardbrukarar mellom anna få omorganisere eigedom ved ombytte av jord mellom bruk. Som eit resultat av deling av gardsbruk og utlegging av husmannsplassar fram til midten av 1800-talet, blei jordarealet svært oppstykka. Før utskiftinga var det ikkje uvanleg at alle husa på dei ulike bruka låg samla i ei klynge på garden. I tunet låg husa, utanom husa låg det blanda jordbrukslandet og så skogen som var i felleseige. Prinsippet var at alle brukarane skulle ha tilgang på dei samme ressursane, som torv og skog (Østerud 1978:138). Bruka var ikkje like store; dei største bruka hadde fleire teigar enn dei små bruka.
Det eksisterte ulike former for felleseige på gardane før utskiftinga: sameige gjaldt skog og utmark der alle brukarane kunne ta seg til rette; ved årsskifte roterte jorda mellom dei ulike bruka; ved teigblanding blei jorda på garden delt mellom dei ulike bruka (ibid:138). Teigane til gardsbruka låg blanda, og dette oppmoda ikkje til intensivering og nydyrking. Ei rasjonalisering og effektivisering av drifta blei vanskeleg når ein ikkje hadde fullstendig eigedomsrett på jorda (ibid). Utskiftingslovene i 1821 og 1857 ga den enkelte brukar rett til å krevje omorganisering av teigblanding til private område, medan kostnadene skulle delast mellom alle dei involverte bruka (ibid:139). Dei verkemidla som blei sett i kraft, var mellom anna å skifte jordsameige, samle teigdelte areal, flytte hus og tun, skape praktiske driftseiningar, korte ned avstandar innan bruket og utvikle eit godt vegnett i inn- og utmark (NOU 1991(2c):60). Det var landskylda,(20) den gamle jordleiga, som låg til grunn for utrekninga av dei enkelte bruka sitt areal. Utskiftinga i Noreg gjekk seint samanlikna med nabolanda Danmark og Sverige, som hadde jordbruksutskifting allereie kring 1760 (Østerud 1978:144). Østerud hevdar at utskiftingsprosessen tok lengre tid i dei områda der det var små einingar som kontrollerte eigedomsforholda, samanlikna med områda der eigedomsforholda var dominert av storbønder. Ein årsak til dette var at storbønder tilpassa seg tidlegare marknaden enn små subsistenshushald. I Noreg måtte behovet vekse fram med grunnlag i folkeauken og behov for meir jord og effektiv utnytting av ressursane (ibid:140).
Utskifting på innmark(21) foregjekk i Vintervik i perioden 1880 til 1935, og dei involverte gardbrukarane hadde ei periode på fem år til å flytte husa på bruket frå tunet på garden til dei sjølveigande teigane.(22) På den måten kan ein seie at forholdet mellom familie og jord blei institusjonalisert, i den forstand at ein no fikk eigedomsrett i eit visst område i landskapet. Frå å ha teigblanding, blei det no eigne teigar og meir intensiv drift. Dei enkelte bruka kom nærare til vegar for transport. I Vintervik har utskiftinga på utmark har foregått heilt fram til i dag. På garden Furuset hadde dei utskifting på utmark mellom fire bruk for nokre få år sidan, då eit bruk blei seld som tilleggsjord. Ved dette jordskiftet nytta dei involverte gardbrukarane også høvet til å bytte innmark seg imellom, slik at dei fekk samla teigane sine i større grad enn det var gjort i første utskifting i 1889.
Eit tydeleg døme på at ein vurderer verdi i jord annleis i dag enn tidlegare, ser ein mellom anna på garden Bjerkem. Då utskiftinga på utmark foregjekk, fekk Erik Bjerkem velje areal i utmarka først. Erik seier at dette fekk han gjere fordi det var hans bruk som hadde størst skyld. Særleg er han stolt av å ha fått tak i dei jordområda som låg nær langs vegen. Sonen som i dag eig bruket, vurderer dette annleis. Han hadde verdsett høgare områda som ligg lenger oppe på fjellet, som på sikt er meir attraktive som hyttetomter.
Eg har i dette kapittelet sett på arvereglar og utviklinga av eigedomsforhold i landbruket i eit komparativt perspektiv. Odelsretten, som særstiller jordeigedommar framfor anna arv, er ikkje å finne i andre europeiske land. Som eg har vist har også andre land likevel ein praksis langt på veg lik vår odelsrett. Goody hevdar at arvesystemet, i den grad det er knytt til eigedom og eigedomsrett, er med på å strukturere mellommenneskelege relasjonar (Goody 1976b:1). Hans poeng er at ulik arvepraksis heng saman med ulike familiestrukturar, til dømes om familiestrukturen er bilateral eller unilineær, om det er eit primogenitur eller eit agnatisk arveprinsipp. Ved å avgrense retten til arv, inkludere nokon personar og ekskludere andre, vil dette påverke innhaldet i slektskap og dei ulike slektskapsrelasjonane. Arvestrategiar er med på legge føring på relasjonar mellom menneske. Odelsretten seier noko om korleis ein i det norske lovverket har oppfattar relasjonen mellom menneske og jord. Dette måtte vere oppfatta som ein grunnleggjande relasjon sidan odels- og åsetesretten eg grunnlovsfesta. Samstundes er sjølve eigedommen, garden og gardsbruket, ei eining i endring. Utskiftinga på innmark og utmark, som til ei viss grad pågår enno, illustrerer dette.
Eg har no sett arvereglane til landbrukseigedommar i Noreg samanlikna med eigedomsforhold i andre europeiske land. I dette kapittelet vil eg gi eit generelt bilete av utviklinga i landbruket og eit overblikk over gardsbruka i Vintervik. Vidare vil eg drøfte rekrutteringa til og kontinuiteten på gardsbruka i Vintervik, og korleis eigarane av gardsbruka ser for seg framtida. Reproduksjon av eigedomsrett er rekna for å ha viktige konsekvensar for landbruksstrukturen, økonomien og busettinga i distrikta. Dette kjem til syne i debatten som stadig pågår om rekrutteringa til landbruket, der odelslova vert drøfta som eit mogleg verkemiddel. Med andre ord vert "slektsrettar" relevant i ei landbrukspolitisk kontekst.
Før eg skal drøfte kontinuitet og rekruttering gjennom menneskeleg erstatning, skal eg gi eit bilete av dei store endringane som har foregått på dei enkelte gardsbruka. Einingane som eksisterer i dag, er einingar som har vore under store endringar. Bruk har blitt seld "ut av slekta", dei har blitt delte for sal, delt mellom slektningar, dei har endra seg som følgje av utskiftinga og dei har gått frå å vere "familiebruk" til å bli ei "bedrift". I hovudsak er det marknadstilpassinga og mekaniseringa som har ført til det sistnemnde. Dei eldste av mine informantar er født i tida 1915-1930. Desse personane har vore vitne til, og med på, ei rivande utvikling både i landbruket og på bygda. Vintervik var før andre verdskrig prega av sjølvbergingshushald som produserte for eige konsum, men som Krokann antydar, gjekk bonden lenge før andre verdskrig mot ein meir marknadsstyrt produksjon. Østerud (1978) hevdar at den norske bonden aldri har vore sjølvberga, men i staden at bønder har vore konsentrert om å få til den daglege utkomma, i tillegg til ein produksjon for ein marknad. Når dei eldre i Vintervik snakkar om "før i tida" legg dei vekt på kor mykje meir familiemedlemmane arbeidde i lag, og ikkje minst at barna var med på den daglege drifta saman med foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Andre legg vekt på alt slitet det var tidlegare: "I og bror min sa at me aldri skulle la ungane våre arbeide så hardt som det me måtte gjere. Me sto der, berre gutungane og trakka i høystålet, trangt var det under taket og vognlassa kom så tett." (Oddmund, 78 år). Mekaniseringa har gjort arbeidet lettare, ei utvikling som har vore kjærkommen for mange. Det var særleg i tida etter siste verdskrig at mekanisering i jordbruket for alvor kom i gang i Vintervik. Ein kunne no dyrke langt større område på kortare tid, og på grunn av at ein gjennom utskiftinga hadde samla teigane, var det no at endringa av jordbrukslandskapet for alvor kom i gang.(23) På samme tid som produktiviteten har auka, er det færre personar som er involvert i det daglege arbeidet på bruka. Ofte er det ikkje nødvendig at fleire enn ein person allokerer si arbeidskraft på bruket. Gardsbruka går frå å vere familieforetak til å vere det den norske sosiologen Reidar Almås kallar ei "ein-mannsbedrift" (1977). Almås kallar mekaniseringa av landbruket i etterkrigstida for "det andre hamskiftet", som refererer til at ein aukande maskinpark, rasjonalisering og spesialisering av produksjonen har vore med på å gjere menneska overflødige.
Landbruket i Noreg generelt er i etterkrigstida prega av spesialisering og konsentrasjon. Drifta har blitt meir spesialisert, og ein har gått frå polykultur til monokultur på dei enkelte bruka (Siverts 1979:32). Dette ser ein også i Vintervik, der brukarane som oftast konsentrerer seg om ein type produksjon; som mjølkeproduksjon, sau, svineavl eller kjøtproduksjon. Det er i dag svært få som til dømes produserer poteter og grønsaker